.

Finnøy Kristelege Ungdomslag

Me er eit ungdomslag som ikkje er tilknytte nokon organisasjon, men som arbeider saman med andre kristne organisasjonar. Arbeidet me driv er retta mot ungdom frå 8. klasse og oppover. ”Laget byggjer på samhøve med den Lutherske læra og vedkjenning og har som mål å fremja kristeleg liv mellom truande og forkynna Kristi evangelium til dei uomvende”. Det er dette me heile tida siktar på under arbeidet vårt: å byggja eit fellesskap der folk får komma som dei er, skapa gode relasjonar og møta Gud Vår Far. ”Føremålet er å vekkja og næra kristenlivet og misjonshug hjå unge her heime og verka for Guds rike si utbreiing på misjonsmarkene.” Gud er sentrum for arbeidet me driv og det høgaste ynskje vårt er at ungdommen skal få møta Han gjennom arrangementa våre, og ta Han med seg i kvardagen.

 

Heldige som me er, så har me vårt eige territorium: Lauvsnes bedehus, kor me får ”styra på” sjølve og leggja opp eit godt og utrusta tilbod til ungdommen. Mykje arbeid er lagd ned i oppussing av bedehuset for å skapa ein triveleg og heimsleg møteplass.

 

Finnøy Kristelege Ungdomslag er eit aktivt lag med over 100 arrangement i året, noko som me er svært stolte av! Annan kvar fredag held me til i Fleirbrukshallen, der Soknerådet i regi av Jostein Gard i samarbeid med Finnøy Kristelege Ungdomslag driv ”Open Hall”: ballidrett, andakt, kiosk, video, skyting og alternativ aktivitet for dei som ikkje driv med idrett. Dei andre fredagane er det på Lauvsnes det skjer: Stikk Innom, ein sosial møteplass med stort utval av kioskvarer, biljard, bordtennis, spel og air hockey, og sjølvsagt andaktsdel med song og informasjon. Dørene opnar 20.30. Rundt 23.00 er det bønestund på loftet. Dette er eit frivillig tilbod, der me vert samla for å be ilag. Om ein vil halda eit vitnesbyrd er det opent for det. Ein stikk innom kveld er aldri det same utan denne samlinga, som er svært viktig for samhaldet og veldig trus-styrkande. På fredagskveldane har me og eit transport tilbod, der me køyrar folk heim, noko som me veit foreldre set stor pris på.

 

Laurdagsarrangementa kan vera alt i frå Plastic Fantastic, kor det gjeld å laga dei mest trendy, hippaste, flottaste og styggaste kleda i plast, til Buss by bowling der me set kursen mot Stavanger for å ”rula” bowlinghallane med mykje ”lått og løye”, og Ungdomsmøte med masse lovsong, dikt, drama, lovsongsdans, songinnslag, høve til forbøn og andakt med ulike tema! Så her er mangfaldet stort, og her kan kvar og ein finna seg sin plass, her er noko for alle!

 

Arbeidet i laget er delt mellom fleire grupper der leiarane utgjer hovudstyret. Hovudstyret har hovudsakleg ansvaret for den generelle drifta og fordela oppgåver. Gruppene kjem og gjer det dei er meint til og samarbeider med dei andre og dette gjer at alle kan gjer det dei er interessert i.For å kunne vera med i Hovudstyret må ein gå i 10 klasse og vera vedkjennande kristne. I juli månad har me ein eigen sommarkomité som står for arrangementa.

 

Ut på tur, aldri sur! Årleg arrangerar me to weekendar: ein haust weekend i oktober/ november, og Stavtjørn weekend på nyåret. Dette er populære tilstellingar der bortimot 70 mann er med kvar gong, med mykje aktivitet og sosial hygge som skapar eit tettare samhald, og møter med lovsong, drama, dikt og andakt av talaren for helga. Høgdepunktet på weekendane er korssamlinga som vert halden rundt midnatt: ei roleg samling med lystenning, vitnesbyrd, songinnslag, dikt, allsong og bønn. Denne samlinga ber alltid eit spesielt preg over seg, og bør opplevast!

 

Eit av dei største arrangementa våre er Nyttårsfesten på Utsyn: gallamiddag, elegant pynta lokale, husband, underhaldning, vitnesbyrd, songinnslag, midnattsgudsteneste i kyrkja, rakettar, kakar og liv og moro!

Nytt og trendy! Ungdomslaget har fått eigen mobiltelefon! Med denne sendar me rundt reklame-sms om kva som skjer i helgene, og folk kan få direkte kontakt med formannen om ein lurar på noko.

 

Marianne Ildstad - formann 2002-03 og 04-05